Har vore kunde hos Santander i 7 år. Fekk først 25000kr i kreditt i form av kredittkort. Sidan den gang, så har økonomien min berre gått oppover, og blitt betre. Eg har søkt 5 ganger for å få ei lita auke, og får berre nei. Og dette til trass for at eg aldri har hatt mislighold, eg har 140000kr på sparekonto hos Santander. Betaler før forfall kvar måned, slik at eg er i null. Har hatt lån der, som eg betalte ned over dobbelt så fort, på 30000kr. Har fått eit tilbud på lån på 50000kr, som eg ikkje benytta meg av. Men å få ei økning på 15000kr, det er heilt umulig, merkeleg nok. No skjønar eg at dei vil ha kundar som ikkje klarer å betale seg ut i null kvar måned, for då blir det lite renter å hente. Utrolig skuffende å vite at ein eigentleg er mønsterkunde, og føle at ein blir trakka på. Spesielt når andre banker tilbyr betre vilkår frå første stund. Eg eig eigen bolig, som er nesten halveis nedbetalt. Så mi konklusjon basert på eigne erfaringer: Santander har eit godt system. Men er gjerrige, og elendige på service. Så vit at det er mange andre banker som tilbyr mykje betre service, og vilkår.